OM MEG
Navnet mitt er Bente Lie Nilsen.
Eg er lukkeleg gift med Geir Harald Nilsen, saman har vi tre vaksne barn og 7 barnebarn.
Eg hadde mi første vakt i butikken på Sanden i Uskedalen i 1982. Då var det svigerforeldra mine som dreiv den tradisjonsrike butikken.
Før denne dagen hadde eg aldri tenkt tanken på butikklivet.
"Det var svigermor som ringde å spurde om eg kunne hjelpa til litt, det var ei av medarbeidarane som hadde skada ein arm.
Nesten 40 år seinare er eg veldig glad for det. Eg blei på ein måte «fanga» av svigermor. Sidan den dagen har det berre balla på seg".
I 1991 kjøpte eg bedrifta saman med to svigerinner. Frå den dagen var eg medeigar og dagleg leiar av Nilsen Handel.
Bedrifta var medlem av SPAR kjeden, og meir kjend som Spar Uskedalen på folkemunne.
Min og mine medarbeideres store motivasjon for butikkdrift har alltid vore kunnskap, kvalitet, service og resultat!
Vi klarte å snu negativt resultat til positivt, og har hatt posetive tal dei siste 30 åra.
I 2020 valgte eg å trekkja meg tilbake frå drifta og selje meg ut av driftselskapet.
Nilsen Eigedom AS eig eg fortsatt saman med mine svigerinner i Uskedalen.
Kva har eg jobba med og kva er min kompetanse?
Som dagleg leiar hadde eg ansvaret for økonomi/resultat, budsjett, personal og generell drift av virksomheten.
Vi har i alle år levert positivt resultat og hatt ei positiv utvikling av drifta.
Sterke sider ved meg sjølv:
Strukturert, tydeleg, ryddig, punktleg, god arbeidskapasitet og resultatfokusert
Eg set meg godt inn i det eg jobbar med.
Eg har stor omsorg for dei som står meg nær.
Framskaffar gjerne referansar frå tidligare samarbeidpartnerar.
Ta kontakt for ein uforpliktande samtale eller send ein mail så tek eg gladeleg kontakt.

Dagligvare
-
1991- dd
Dagleg leiar /Styreleiar Nilsen Eigedom as
Utleige av næringslokaler og leiligheter. -
1991 - 2020
Dagleg leiar / eigar av Nilsen Handel AS -
1982 - 1991
Butikkmedarbeidar

Anna arbeidserfaring
-
2021-
Dagleg leiar SpareBank1Stiftinga Kvinnherad
www.kvinnheradstiftinga.no
2020 - 2021
Dagleg leiar i Rosendal Utvikling -
1977 - 1981
Medarbeidar på bulkskip i utenriksfart (L.Gill-Johanessen)

Styrearbeid
-
1991 - dags dato
Dagleg leiar / styreleiar i Nilsen Eigedom AS -
2020 - dags dato
Dagleg leiar / styreleiar i Lie Nilsen AS -
1991 - 2020
Styremedlem Norgesgruppen ASA
Dagleg leiar og styreleiar i Nilsen Handel AS -
2005 - 2014
Styremedlem Kjøpmannshuset AS -
2000 - 2020
To periodar (2000-2005/2014-2020)
Representerte kjøpmenn og butikkar fra 15 - 100+ millionar i omsetning. -
2000 - 2020
Medlem av SPAR sitt kjøpmannsråd (Regionalt og nasjonalt)
Representerte "kjøpmannen"

Interesser
-
Familietid
-
Fjellturar med og utan ski
-
Hytteliv
-
Båtliv
-
Reising